Ei tid var …

Torsdag 5. mai vert det nytt, ope temamøte i Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Denne gongen vil Asle Geir Widnes Johansen halde eit foredrag om det å skrive lokalhistorie. Som kjent har Asle Geir levert to mursteinar med lokalhistorie frå nyare tid både frå Hareid og Ulstein. Det vert eit foredrag med drøfting av likskapar og ulikskapar i historia til dei to kommunane.

               Han vil dukke ned i dei ulike økonomiske og kulturelle kreftene som har drive fram så ulike historieløp i to grannekommunar på ei relativt lita øy. Kor mykje har kulturelle ovringar som religion, fråhaldssak, idrett, song og musikk og populærkultur sett ulike preg på kommunane? Korleis har tilflytting påverka dei ulike kulturdraga?

               Kva med næringslivet, der Hareid tradisjonelt vore prega av fiske, fangst og andre primærnæringar, men også med mange ruvande bedrifter innanfor konsumentprodukt som møblar og fiskeforedling – med mange kvinnearbeidsplassar og sterke merkevarenamn? I Ulstein har det vakse fram meir maskuline næringar basert på skipsbygging, petroleumsindustri og andre maritime næringar som har hatt ein sterk eksportprofil og avhengig av importert kompetanse.

Kva med utsynet mot verda elles, med Hareid meir vend mot Ålesund enn Ulstein, og Ulstein mykje fokusert på konkurranse med Herøy i utviklinga av eit regionsenter? Ulstein har teke opp i seg urbane strøymingar og proklamert bystatus, medan Hareid har odla meir tradisjonsrike kulturberarar. Har kommunane vorte meir like eller meir ulike gjennom tiåra?

               Kan ein i lys av notida nagle fast nokre suksessfaktorar for dei to grannekommunane? Og kvar finn ein kjeldene for å skrive ei uhilda historie om Ulstein og Hareid? Møtet vert halde på Aktivitetshuset på Vikholmen kl. 19:00. Alle er velkomne. Sjå òg lysing i avisa tysdag som kjem.