Hannelore Måseide om Trossamfunnsloven

I overkant av 20 interesserte møtte fram til det opne temamøtet i Senioruniversitetet 31. mars 22, der Hannelore Måseide greidde ut om overgangen frå Kirkeloven til Trossamfunnsloven, den siste vart gjort gjeldande frå 1. januar 2021.

Hannelore Måseide har vore medlem av Ulstein sokneråd/fellesrådet i bortimot 20 år, fyrst som ordførar og seinare som vald medlem. Ho har såleis vore med på den lange prosessen med utskiljing av Den norske Kyrkja frå staten til ein no kallar Folkekyrkja, som framleis er ein medlemsorganisasjon.

Hannelore Måseide peika på fleire årsaker til at det har vore naudsynt å gjere endringar av lovverket. Mellom anna vart paragraf 2 i Grunnlova endra i 2012, sjølve verdigrunnlaget for Grunnlova: Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettighederne.

Hannelore peika også på ei aukande sekularisering av det norske samfunnet gjennom fleire tiår, mellom anna gjeld dette skuleverket. Attåt dette kjem ei multikulturell utvikling med mange religionar som for nokre tiår sidan ikkje hadde noko særleg utbreiing i Noreg. Desse religionane har fått fotfeste gjennom innvandring.

Det var såleis på tide å reformere den gamle Kyrkjelova til ei ny lov om trussamfunn generelt. Det har vore ein seig prosess med til dels steile frontar på begge sider. Formålet til lova om trussamfunn er å støtte opp under trus- og livssynssamfunn, der alle registrerte trussamfunn har like rettar til å få same støtte pr. medlem frå staten.

Den nye lova har ikkje fått omfattande konsekvensar for Ulstein sokn. Det tette, årelange samarbeidet mellom Ulstein Sokn og Ulstein Kommune har tent begge. Soknet har utvikla ein god administrativ organisasjon, og kommunen/politikarane har fått ein breiare innsikt i alle aktivitetane som soknet står for. Finansieringa av soknet er framleis todelt mellom stat og kommune. Kommunen finansierer soknet gjennom budsjett og økonomiplan, etter framlegg frå soknet, og soknet sin rekneskap er integrert i kommunerekneskapen.

Det radikalt nye med trussamfunnslova er at det vert stilt krav til trus- og livssynsamfunna til å drive i samsvar med andre norske lover, til dømes når det gjeld demokratiske rettar og fridomar, likestilling og vern av mindreårige. Dersom eit trussamfunn ikkje fyller slike krav, kan dei verte fråtekne tilskotet frå staten. Det har allereie hendt i eit tilfelle i Viken, der Statsforvaltaren drog inn tilskotet til eit trussamfunn.

I samband med revisjon av lovverket for trus- og livssynssamfunn har det og vore gjort endringar i andre lover, såleis som Ekteskapslova, Offentleglova, Gravferdslova. Opplysningsvesenets Fond, som mellom anna forvaltar prestegardane, har òg fått ei overhaling.

Dei frammøtte lydde med stor interesse på Hannelore Måseide sitt foredrag, og det kom ei rekkje spørsmål frå salen etter foredraget.