Frå Kirkeloven til Trossamfunnsloven

Torsdag  31. mars vil Hannelore Måseide snakke om overgangen frå Kirkeloven til den nye Trossamfunsloven av 2021. Det opne møtet vert halde på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19:00. Hannelore har vore medlem av Ulstein sokneråd i 20 år, både som representant frå kommunen og som vald medlem, og ho har vore tett på prosessen fram til ny lov om trussamfunn låg føre.     

               Føremålet med Trossamfunnsloven er å støtte opp under livssynssamfunn. Finansieringa av soknet er framleis todelt mellom stat og kommune. Det statlege tilskotet pr. medlem er det same for kyrkja som andre trussamfunn. Men kommunen vil framleis bidrage etter framlegg frå fellesrådet i soknet, i samsvar med det som er nedfelt i lova.

               Det nye er at det vert stilt krav til livssynssamfunna som tek mot støtte. Lova føreset at den administrative organiseringa deira ikkje krenkjer rettar, fridomar og likestilling m.m. At ein meiner alvor med dette, såg ein nyst i ei sak som Statsforvaltaren i Viken handheva i høve eit livssynssamfunn.

               Sjå elles lysing i Vikebladet f.k. tysdag.