Vinnarar av vervekampanjen

Vinnarar av vervekampanjen

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid har frå i haust og fram til årsmøtet 17. februar hatt ein kampanje for å verve nye medlemer. Det har vore gilde premiar å tevlast om: Gåvekort på kr 1.500 for vervar og gåvekort på kr 500 for verva. Vervarane har fått eit lodd i trekninga for kvar ny medlem dei har verva.

Kampanjen har gitt oss ei rad nye medlemer, og på årsmøtet vart vinnarane trekte:

Gåvekort på kr 1.500 på Amfi Ulsteinvik gjekk til Inger Margrethe Roppen

Gåvekort på kr 500 på Amfi Ulsteinvik gjekk til Otto Per Gjerde.

Me gratulerer vinnarane!