Torsdag 17. februar heldt Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid årsmøte på Aktivitetshuset Vikholmen i Ulsteinvik.
Seniorforskar Nils-Roar Hareide var invitert til å halde eit foredrag om det grøne skiftet på havet og kysten. Foredraget var forvitneleg med mykje ny kunnskap for dei fleste frammøtte. Nils-Roar Hareide hausta mykje fagnad – med mange spørsmål i frå møtelyden i etterkant. Sjå nærare omtale annan stad på sida.
Årsmøtet var gjennomført i samsvar med vedtektene. Alle vedtaka var samrøystes. Det kan vere verdt å nemne det nye styret:
Ivar Mork, leiar
Andreas Ringstad, kasserar
Voitto Jokinen, dataansvarleg
Ale Måseide, sekretær
Karin Svendsen Holstad, styremedlem
Varamedlemer:
Marit Aarsheim Steinnes
Ragnhild Kriken Garnes
Ruth Bjørndal Nytun
Hallgerd Conradi Andersen hadde bedd om avløysing etter 8 år i styret, og vart heidra for innsatsen med gåvekort og blomar (så nærare omtale ein annan stad på sida). Karin Svendsen Holstad frå Hareid går inn som nytt styremedlem, og me ynskjer henne velkomen til å delta i eit inspirerande arbeid. Valnemnda vil leggje vinn på å betre den ringe kjønnsbalansen i styret til neste år – då fleire av styremedlemene vil vere på val.
Revisor:
Per Øvrelid
Valmnemnd:
Sverre Bjåstad, leiar
Heidi Myklebust
Asle Geir Johansen