Heider til Hallgerd

På årsmøtet til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid 17. februar vart Hallgerd Conradi heidra med gåvekort og blomar etter 8 år i styret. Hallgerd hadde sjølv bedd Valnemnda om avløysing.

Leiaren, Ivar Mork, heldt ein stutt takketale til Hallgerd, som han personleg har hatt gleda av å samarbeide med i dei tre åra han har vore leiar.

Ivar Mork valde å kalle Hallgerd ei greinakjæring som er den største heiderstittelen ei kvinne kan få i heimbygda hans i Hjørundfjorden.

Ei greinakjæring er ei kvinne som utan å verte bedd eller spurd tek leiing og ansvar i ein stor huslyd, i ein organisasjon eller på arbeidsplassen.

Greinakjæringane har mange spesifikke eigenskapar. Dei er særs dugande på logistikk, kan skilje viktig frå uviktig, er fokuserte og strukturerte – og får mykje gjort før hine står opp om morgonen. Og greinakjæringane er oftast både taleføre og fryktlause.

Der er eit ordtak som høver godt på greinakjæringar og Hallgerd:

Ei kjerring kan ause ut med ei skei det ein mann lyt føre heim med ein slede.

Styret ynskjer Hallgerd lukke til med innsatsen på tallause andre frontar.