Det grøne skiftet

Om lag 35 personar, medlemer og ikkje-medlemer av Senioruniversitetet, møtte fram for å høyre foredraget til seniorforskar Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter om det grøne skiftet i havet og på kysten.

Nils-Roar Hareide drøfta klimaendringane me er vitne til, og peika på både menneskeskapte faktorar og sykliske variasjonar i økosystema på land og i havet. Han peika på at mykje av det grøne skiftet med redusert utslepp av CO2 til atmosfæren kan og må løysast med ny teknologi, og der er det ei rivande utvikling. Han peika på den snøgge utviklinga av elektriske køyrety dei siste 10 åra.

Men han etterlyste òg djupe og breie opinionsendringar i form av eit personleg medvit om at konsekvensane av klimaendringane gjeld kvar einskild av oss. Fyrst når dette medvitet er på plass, kan ein vente handlekraft på lokalt plan. Han nemnde fleire slike bråe opinionsendringar t.d. med plastforsøpling av havet, der ein har gått frå eit skuldertrekk i opinionen til lokale, friviljuge aksjonar med innsamling. Me-too var ei liknande brå, global omvelting i opinionen.

Med omsyn til karbonsyklusen i jorda si atmosfære, i havet og i landmassane, gjekk han heilt attende til starten av livet på jorda, der eit av dei store gjennombrota var fotosyntesen, organismar som kan skaffe seg energi ved å nytte sollyset til å spalte karbonholdige stoff som gassen CO2, det me kallar fotosyntese gjennom stoffet klorofyll. «Avfallet» frå denne prosessen er gassen oksygen, O2.

Slik vart grunnlaget lagt for ein ny innovasjon i evolusjonen, liv som kan nytte oksygen til energi, og sleppe ut CO2 som «avfall». Etter kvart oppstod det ein balanse mellom organismar, plantar og algar, som nyttar sollyset til å produsere energi på eine sida – og organismar som kan gjere seg nytte av avfallet frå fotosyntesen, oksygen, til å skaffe seg energi på den andre sida, dyrelivet i vidaste forstand.

Denne balansen har tippa over etter den industrielle revolusjonen, då ein tok til å nytte fossilt brensel som kol, olje og gass i energiforsyninga. Sidan då har innhaldet av CO2 i atmosfæren og i havet dobla seg. Dei grøne plantane og algane greier ikkje lenger å halde tritt.

Hareide gjekk vidare til livet i havet der desse prosessane går føre seg i mykje større skala enn på landjorda. Ei lagdelt næringspyramide frå algar med fotosyntese via mikroskopiske krepsdyr til fiskar, kvalar, fuglar og menneske. Talet på algar i havet og hoppekrepsar som lever av dei er astronomiske.

Hareide tok til slutt føre seg reduksjonen i talet på sjøfuglar, der bestanden av hekkande sjøfuglar på Runde har vorte redusert med 90% på 40 år. Særleg har det gått utover måsefuglar som krykkjene. Hareide drøfta årsakene til dette. Er det klimaendringar eller sykliske variasjonar – eller begge deler? Mykje er knytt til den sykliske variasjonen i bestanden av tobis/sil som svingar valdsamt med ekstreme toppar omlag kvart 25. år. Denne vesle fisken er ei viktig næringskjelde for sjøfuglane, og sjøfuglar med ei livslengde stuttare enn 25 år, kan verte dramatisk påverka.

Det var mykje fagnad frå møtelyden etter foredraget, og mange fleire spørsmål til Nils-Roar Hareide enn ein kunne take seg tid til. Nils-Roar Hareide er den fyrste foredragshaldaren i fleire møte Senioruniversitetet vil skipe til i år om klimaendringane og det grøne skiftet på havet og kysten, med både vitskaplege, ideelle og kommersielle perspektiv.