Vervekampanje med gilde premiar

I Senioruniversitetet ynskjer me oss fleire medlemar. I eine enden fell dei eldste medlemane våre frå av naturlege årsaker, i hin enden krev det aktivitet og informasjon for å få yngre generasjonar inn som medlemar.

Det er ein krevjande dørstokk å klive over å erkjenne at ein ikkje er heilt ung lenger, at ein er ein senior. Det er rimeleg at ein har skepsis og fordomar mot å slå seg saman med «gamlingane» i Senioruniversitetet alt ved fylte 55 år. For oss som er komne så langt at me har nådd pensjonsalder, kan det vere ei kvidesam mental øving å ta innover seg at ein er ute av eit meiningsfylt yrkesliv. Men det er då ein byrjar eit herleg liv som fri og frank og med tid og høve til å dyrke sine hobbyar og interesser. Statsstipendiat på livstid!

Me i Senioruniversitetet veit at om håret grånar og ledene ikkje er like mjuke lenger, så er me like kvikke, humoristiske, lærelystne, nysgjerrige og sosiale i hovudet – og med stor virketrong. Det var ein som sa: Eg vonar eg får døy nedanfrå og opp.

Styret har kome til at me vil setje i gang ein vervekampanje for å få nye/fleire medlemar. Det er medlemane som gjev oss økonomi til å auke mengda og kvaliteten av tilbodet vårt, og det er fyrst og fremst medlemane våre som må syte for å verve nye. Og me har ei gulrot eller to:

  1. Ein medlem som vervar minst ein nytt medlem innan/på årsmøtet i februar 2022, vert med i trekning om eit gåvekort på Amfi i Ulsteinvik med verdi kr 1.500. Eitt lodd i trekninga for kvar ny medlem ein vervar. Ivrige vervarar vil då få størst vinnarsjansar. Det er rettferdig og eit omframt insitament til å verve. Trekning på årsmøtet.
  • Alle nye som melder seg inn i Senioruniversitetet innan/på årsmøtet i februar 2022, vert med i ei trekning om eit gåvekort på Amfi i Ulsteinvik med verdi kr 500. Ein kan sjølvsagt òg melde seg inn på eige initiativ og vere med i trekninga. Trekning på årsmøtet.

Så difor, gode medlem, sett i gang med å verve. Fortel om kor hugnadsamt og interessant det er å vere med Senioruniversitetet. Fortel om temamøta med interessante foredrag og sosialt samvær. Fortel om leseringane, språkkurs og filosofikurs – og datatreff. Fortel om årsmøte og julemøte. Det er sosialt og lærerikt, og ein vert kjend med nye menneske. Fortel vidare om kommunikasjonen på e-post, om sida vår på Facebook: senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Fortel om heimesida vår på internett, som alltid er oppdatert med det siste: www.senior-uh.no

Og fortel kor billeg det er å vere med på alt dette. Berre 230 kroner for eit heilt år.

Nye innmeldingar kan sendast til Ivar Mork på e-postadressa ivar.mork@outlook.com – eller telefon/SMS til 90976081. Nye medlemar vil få vite korleis dei kan betale kontingenten. Er ein om seg, kan ei framleis rekke julemøtet fredag 26. november, som er berre for medlemar.

Lukke til – og hald styr på kven og kor mange du vervar!