Fellesskap i lesegruppe

Medan pandemien herja, vart eit lite jubileum gløymd. Då Senioruniversitet vart etablert 28. januar 2005, kom den første studiegruppa like i kjølvatnet. Gruppa samla seg allereie 15. februar på gamlebiblioteket i Bjørndals Minne og etablerte seg som litteraturgruppe. Denne gruppa  eksisterer framleis – no i meir tidhøvelege lokale i Ulstein Arena. Til no har gruppa lese 246 bøker i ulike sjangrar.  Gruppa har vore samla heile 250 gongar; nokre bøker måtte ein dele på to møte. 

Vi fekk lyst til å høyre meir om dette og tok oss ein prat med Gunder Runde, nestor og leiar gjennom alle desse åra. Gunder sjølv er verdt ein eigen presentasjon, bokkunnig som han er.

Er det berre du som har vore med så lenge i Litteraturgruppe 1, som de kallar dykk, Gunder?

Vi er 8 medlemer, og 3 av desse har vore med frå starten. Vi var eigentleg særs stabile fram til dei aller siste åra. Ingen har slutta av seg sjølve, det har vore både dødsfall og alvorleg sjukdom. Vi må jo rekne med at slikt skjer, men det har ikkje vore problem å supplere gruppa. Gjennomsnittsalderen er 83 år; yngste er 75 år og dei to eldste, som er godt over 90 år, er framleis særs aktive.

Det vert sagt at det berre er kvinner som les, stemmer det for gruppa di?

Nei så absolutt ikkje! Eg er glad for at vi kan seie at vi har full kjønnsrepresentasjon; 4 kvinner og 4 menn. Det gjer gruppa rikare, ettersom ein kan ha ulike syn og perspektiv på det ein les. Kanskje hadde ikkje kvinner vore så aktive som å seie at no må vi ha noko om Napoleon. Men så får dei høve til å vere med på noko som ikkje er sjølvvalt. Og vi treng alle å få ny kunnskap og nye perspektiv.

Ja, korleis vel de ut kva de skal lese? Eg ser av boklista at det er eit særs variert utval. Jo Nesbø, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas, Øystein Orten og Zeshan Shakar er førte opp – jamvel tekstar frå Bibelen.

Melemene kjem med ulike framlegg, sjølv om eg står for dei fleste. Dette er jo òg mitt felt. Men mange gode framlegg kjem på bøker vi vert nysgjerrige på, som no nyleg då vi las Tante Ulrikkes veg. Men vi var visst ekstra glade i Hamsun si bok Markens Grøde; over desse 15 åra har vi faktisk leita fram att boka tre gongar! Ein ser alltid noko nytt når ein les om att.

Bokklubbar er berykta for mest mat og prat. Er det slik med litteraturgrupper òg?

Så absolutt ikkje. Vi har eit rimeleg fast konsept; vi møtes kl. 11 og har forfattarpresentasjon, dikt og utveksling av synspunkt om boka. Sjølvsagt kan vi kome litt ut på viddene innimellom, men vi greier å hanke oss inn. Når vi då ikkje har kaffi og mat, greier vi oss innanfor dei to timane vi har sett av. Vi må vere litt disiplinerte, for det er ei ny bok alt 14 dagar etterpå. Noko veks fram mellom oss gjennom alle gongane vi møtest. Vi har det triveleg. Og vi utviklar eit fellesskap gjennom tekstane vi les.

LYST TIL Å VERE MED I EI GRUPPE? KONTAKT  tlf.  90976081 eller e-post: post@senior-uh.no     

På biletet: Litteraturgruppa ved 10-års markeringa: Gunder Runde, Sverre Bjåstad, Eli Rake Vik, Gunnar Rolfsrud, Alma Overvåg, Aksel hauge og Jorun Waage. Tekst og foto: Hallgerd Holt Conradi