Bokvennen

Lesarar av Dag og Tid  vert om lag kvar veke minte på at vi har ein litterat i kommunen, der han anten vert trekt ut som vinnar eller vert heiderleg nemnt i bok-quizen som avisa legg ut på tredje siste side: Klok på bok. Litteraten er Gunder Runde – mangeårig filolog ved Ulstein vidaregåande skule, no i sitt 85. år. Han tok på seg å drage i gang ei litteraturgruppe då Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid vart etablert i 2005. Etter 246 lesne og godt diskuterte bøker, leiar Gunder framleis ei Litteraturgruppe.

Kva er det med deg og bøker, Gunder?

Det er ikkje så godt å seie, eg har iallfall hatt god leselyst sidan eg las den første boka mi, 4 år gamal. Den første boka var Sidsel Sidserk av Hans Aanrud, og den likte eg godt.  Boka eg fekk seinare var av Leif Halse og heitte Maken til unge. Men då eg kom over denne boka mange år etter, fall ho nok heilt igjennom. Seinare har eg vore ein lesehest. Frå tida mi som byråkrat lærde eg meg å lese kjapt, og det kom godt med då eg tok fatt på filologstudiar, om lag 40 år gamal. Slik det er no, les eg vel 2-3 bøker i veka.

Kva forfattar set du omframt høgt?

Tarjei Vesaas, utan tvil!  Det var som ei openberring å lese Vårnatt. Boka hadde så mykje i seg. Men Dostojevskij må eg òg nemne: Forbrytelse og Straff, med forfattarfiguren Raskolnikov. Ei sterk bok.  Og så vil eg nemne den rikhaldige sagalitteraturen, som eg har hatt mykje glede av. Ja, av det nyare slaget òg, t.d. omsett frå færøysk. Men ikkje alt. Eg gav meg etter 50 sider på ei 800 sider lang bok, den gadd eg ikkje lese ferdig.

Då er det nærliggjande å spørje kva du ikkje les?

Det kan vere så mangt. Men det mest nærliggjande er det eg kallar «damer med ryggen bak», dei såkalla dameromanane, like eins bøker om ekteskapsproblem. Men Nina Lykke likte eg.  Krim kan eg òg lese, men George Simenon er direkte kjedeleg.

Er det bøker du gleder deg til å lese no?

Eg likar godt Carl Frode Tiller. Den siste boka hans, Flukt, ser eg fram til å lese. Elles ventar eg på at Maja Lunde skal kome med ny bok. Ho skriv tankevekkjande og godt. Kvart band i miljøtrilogien hennar kan lesast uavhengig av dei andre.

Lesartala på skjønnlitteratur går ned, ikkje berre blant vaksne, men òg born. Har du nokre råd?

Kom i gang! Gjeld det born, lat dei lese alt mogleg! Seinare utkrystalliserer det seg bøker som har andre kvalitetar. Når det gjeld vaksne, er rådet dette: Finn deg bøker som har ei handling, ei forteljing. Start gjerne med noko spennande, noko som driv handlinga framover, gjerne krim. Det handlar om å venje seg til å lese.

Så det store avsluttande spørsmålet til slutt: Kva gir det deg å lese, Gunder?

Mykje! Noko å grunde vidare på i form av nye tankar. Det kan gi meg kunnskap, eller berre noko som er av verdi i seg sjølv. Det er som med klassisk musikk, som eg òg er så glad i, det er ein rikdom som er i deg.

Tekst og bilete: Hallgerd Holt Conradi