– Vi vil klare oss lengst mogleg heime, men treng å vere trygge

Desse orda kom frå Ottar Kaldhol, tidlegare ordførar og noverande leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, under eit ordskifte etter temamøtet i Senioruniversitetet førre torsdag om velferdsteknologi i omsorgstenestene. Og som Kaldhol la til, vi har fått eit anna tankesett når det gjeld eldreomsorga. Før tenkte vi at sjukeheimsplassar var alfa og omega, men no veit vi at det er tilfelle berre når vi er så omsorgstrengande at vi ikkje greier oss heime. Mange kan dessutan greie seg langt lengre heime med alt vi har fått høyre om i kveld.

Kommunalsjef  Marit Botnen hadde fått med seg sentrale medarbeidarar frå helse- og omsorgsetaten, prosjektleiarane Hildegunn Utgård og  Marlen Breivik Kristensen, til å gi kunnskap om tryggleik og meistrings-teknologi, som no er det meir presise omgrepet for velferdsteknologi. Visjonen er at  dette  skal bli ein naturleg del av tenesta for dei som treng det. Ulstein  og Ørsta er blitt tatt ut i eit nasjonalt satsingsprosjekt der det følgde med prosjektmidlar. Det inneber at nabokommunane i Sjustjerna òg får nyte godt av kunnskapen gjennom opplæring og felles satsingar.

Kommunen starta allereie på midten av 1980-talet med å ta i bruk tryggleiksalarmar kopla opp mot vaktsentral. No er slike alarmar digitale og kan koplast opp mot dørvarsling, GPS, brannsentral etc. Det  finst elles hjelpemiddel der ein kan leggje inn registreringar  på aktivitet i rommet der brukaren er, noko som inneber at heimetenesta eller institusjonspersonalet ikkje treng gå inn på natta og uroe ved tilsyn – om situasjonen elles er stabil. På denne måten kan ein frigjere tid til andre brukarar. For brukarar som tar til å verte dårlege til å orientere seg og kan gå seg bort, er det mogleg å leggje inn «digitalt  gjerde» der pårørande eller omsorgstenesta vert varsla og kan kome vedkomande i møte om brukaren er utanfor området han vanlegvis orienterar seg i. 

For bruk av digitale tenester må brukar eller pårørande gi samtykke. Innleiarane kunne elles fortelje at dei så langt ikkje har møtt motstand på bruken av velferdsteknologi, ettersom dei er opptekne av at det er menneska som skal styre dette, teknologien er berre eit hjelpemiddel.

Tilhøyrarane fekk elles sjå morosame videoklipp som Fylkeslegen har fått utarbeidd, der Ina Breivik, alias Margot, lurer andre (og kanskje seg sjølv) når ho digitalt gjennom varslar vert oppfordra til å gå seg ein tur. Ho set GPS på katten, og når alarmen går, kan ho konstatere at hjelparane forstår ingenting der dei må leite etter henne i busker og kratt. Eller når matta i senga varslar alarmsentralen at ho er ute av senga for å sitje oppe om natta for å sjå ein kamp, då legg ho bøker etc. opp på senga og får fred for dei som vil kome og sjå etter henne. For ikkje å seie teknologien som er knytt til toalettbesøk..

Noko som er blitt veldig populært hos brukarar som har sine langt unna, er Komp Pro. Det er ein skjerm som berre har av- og på-knapp. Pårørande og andre som er inviterte med, kan sende inn bilde, videosnuttar eller prate direkte. Mange brukarar har skjermen ståande på heile dagen, og då vekslar han mellom bilde og anna som er lagt inn, og som pårørande veit at mor eller far er glade i.

Diverre kostar slik teknologi ein del, m.a. når ein må leggje inn kablar. Men teknologien er under utvikling, så her tenkjer ein seg at bruken vert enklare etterkvart.

Dei om lag 35 frammøtte var godt nøgde med temaet, og etter ordskiftet vart Marit, Hildegunn og Marlen takka av med blomar. Kaffigodt, skuffekake og lotteri sørgde elles for ein triveleg ekstradimensjon på temakvelden.