Velferdsteknologi i omsorgstenesta

Torsdag 21. oktober kl. 19 på Aktivitetshuset Vikholmen inviterer Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid til nytt temamøte, ope for alle. Denne gongen får me vitjing av kommunalsjef omsorg i Ulstein, Marit Botnen, og prosjektleiar for Velferdsteknologi i Sjustjerna, Hildegunn Utgård. Dei vil greie ut om utviklinga av velferdsteknologi i omsorgstenesta.

Helse og omsorgsetaten i Ulstein satsar mykje på velferdsteknologi, også kalla tryggleiks- og meistringsteknologi. Tenesta har sidan 2016 nytta digitalt tilsyn, tryggleiksalarmar, vandrealarmar og døralarmar.  I 2018 vart Ulstein og resten av Sjustjerna med i det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet, der målet er at Velferdsteknologi skal vere ein integrert del av helsetenesta på lik linje med andre tenester. Me er vitne til ei rivande utvikling på dette fagfeltet og stendig nye bruksområde kjem til.

Ulstein har dei siste åra kome langt på denne «reisa» og har no mykje teknologi på plass i helse og omsorg. Digital tryggleikssalarm kan også ha tilkopla døralarm, brannvarsling m.m. Elektronisk medisineringsstøtte gir folk medisin i rett mengde til rett tidspunkt, og ein slepp å vente på heimetenesta. Digitale tilsyn reduserer fare for oppvakning og fall, og gir tenesta melding når der er behov for hjelp.

Bruk av GPS/lokalisering kan gi meir fridom for den einskilde, og digital heimeoppfølging gir meistringskjensle ved kronisk sjukdom. Velferdsteknologi skal ikkje erstatte omsorgspersonalet med kalde robotar og kjenslelause maskinar, men frigjere varme hender og kloke hovud i omsorga. Det er eit godt supplement til omsorga slik vi kjenner den. Velferdsteknologi bidreg til betre helse og meir meistring hjå dei omsorgstrengande – og til ei berekraftig utvikling innan omsorgstenesta.