Sterk motstandsrørsle i Ulstein

Omlag 50 personar møtte fra til Senioruniversitetet sitt temamøte med Arnljot Løseth. Løseth er professor i historie ved Høgskulen i Volda, og temaet hans var «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) gjennom eit 10-år, 1940-50». Løseth møtte ei mykje lydhøyr forsamling i Senioruniversitetet, og det vanka mange spørsmål etter foredraget, særleg om rettsoppgjeret etter krigen og Nortraship-fondet til sjøfolka.

Dei som umiddelbart vart involverte i krigen, var sjøfolk. Norge hadde stor handelsflåte og havgåande fiskefarty. Fleire kom frå Sunnmøre, der Ulstein etter kvart utmerkte seg i samband med flukt til Shetland, der ein slutta seg til motstandsrørsla. Første båt vestover var «Merkur 1». Frå Sunnmøre drog om lag 700 personar. Ulstein var mellom dei mest viktige utreisestadene. Mange fiskarar kjende frå før havet vestover. Etter 1941 var det dødsstraff for dette. Tyskarane var framfor alt redde for informasjon flyktningane kunne bringe med seg om tyske forsvarsanlegg m.m.

Frå hausten 1940 vart  alle parti med unnatak av NS forbodne og kommunestyra suspenderte. Tyskarane sytte for at lensmenn og ordførarar med NS-medlemskap vart innsette.

På Vestlandet var svært få nazistar til skilnad frå store deler av Austlandet og Trøndeleg, der storbønder som opplevde at demokratisering tok frå dei den kulturelle og sosiale hovdingrolla dei tradisjonelt hadde hatt, hadde nazi-sympatiar. Slik polarisering fann ein særs lite av på Vestlandet.  Der sosiale skilnader var noe større, t.d. i Ålesund, var det øvre sosiale sjiktet «over-representert» mot. NS-medlemmer. Noen var medlemmer av ideologisk overtyding, andre av rein opportunisme – som avtok etter Stalingrad. Frå Møre og Romsdal kom om lag 100 frontkjemparar. Da indre Nordmøre ideologisk skilde seg frå resten av fylket, er det neppe urimeleg å anta at fleirtalet kom derfrå. Frå Norge kom det totalt 5000 frontkjemparar.

Kulturlivet blømde. Motsetninga mellom pietistar og frilynde vart dempa i møtet med felles fiende. Folk las meir enn før, særleg nasjonal litteratur. Arbeidsløysa forsvann. Bygg av festningsanlegg o.l. gav grobotn for firma som etter krigen hadde sikra godt økonomisk underlag for framtidig suksess. Møbelprodusentar skodde seg på stor etterspurnad. Skipsverft profitterte på vøling av krigsfartøy. Svært mange av verksemdene var pressa til samarbeid av okkupantane. Alternativet var å spele helt, med dei konsekvensane som følgde. Kystfisket heldt fram som før, og tyskarane kjøpte all fisk dei kunne få. Bønder hadde leveringsplikt. Dette innebar at folk kunne betale ned gjeld og såleis stå sterkare økonomisk etter frigjeringa enn dei hadde gjort før krigen.

For å få tak i mat, frukt, bær måtte bybuarar gå til bøndene. Matkvalitet vart svekt. Dette hadde ei god side: Overvekt blant folk avtok. Lite søtsaker, lite tobakk, lite alkohol bidrog til betra folkehelse. På hi sida, infeksjonssjukdommar gjekk særleg ut over born.

Motstanden mot okkupantane auka. Da radioapparat skulle kverrsettas, vart mange gøymde. Dermed kunne ein halde seg rimeleg oppdatert via «Nytt frå London». Det ein fekk høyre, vart skrive ned på maskin, stensilert og distribuert som illegale aviser.

Biskopane og prestane la ned stillingane sine i protest mot okkupantanes innblanding. Tilsvarande gjaldt lærarane da ein freista erstatte Norsk Lærarlag med det nazifiserte Norsk Lærarsamband. Det same finn ein mellom akademikarane, t.d. Lektorlaget. Etablering av Mil.org. tok til.

Etter krigen vart måten norske sjøfolk i utanriksfart vart handsama på, ein skamplett. Lønna deira vart samla på eit fond, Nortraship-fondet, og skulle utbetalas etter krigen. Den lovnaden heldt ikkje AP-regjeringa. Først rundt 1970 kom pengane etter sterk motstand – men utan renter og indeksregulering. 1945-kronene rekte ikkje langt i 1970.

Rettsoppgjeret var, tilsvarande, ein skamplett. Folk vart straffa for medlemsskap i NS, jamvel om det før krigen hadde vore eit lovleg parti. Om dei hadde gjort noe for å hjelpe okkupasjonsmakta, spelte inga rolle. På Sunnmøre vart 63 personar dømde for økonomisk landssvik, storparten i bygg- og møbelindustrien. Generelt gjaldt det at «småfiskane» vart tatt, medan dei «større fiskane» slapp unna.