Senioruniversitetet 15 år

Initiativ

Etter å ha lese ein artikkel om «Universitetet for den tredje alder» i magasinet «Vi over 60», tok Ingeborg Hofseth initiativ til lodde stemninga for eit slikt tilbod i Ulstein. Ingeborg tok først kontakt med Guri Saunes som også tende på idéen, og då dei etter kvart tok kontakt med andre i same alder, viste det seg at der var stor interesse for å etablere Senioruniversitet i Ulstein.

Ordet universitet viser her ikkje til ein eliteskule, men til eit fellesskap av personar som ynskjer intellektuell vekst og stimuli. Målet med Senioruniversitet er å gjere tida som pensjonist verdfull både for den einskilde og for samfunnet.

Igangsetjing

25. januar 2005 vart det lokale senioruniversitet formelt starta. Dette styret vart valt:

Ingeborg Hofseth, leiar

Guri Saunes, nestleiar

Andreas Ringstad, kasserar

Ruth Torgerssen, sekretær

Paula Urke, styremedlem

På møtet kom det fleire forslag om korleis Senioruniversitetet skulle organiserast og kva innhaldet skulle vere. Det vart vedteke at dei skulle arrangere studiegrupper innan matematikk, data og litteratur – og i tillegg ha om lag fire opne  temamøte kvart år. Ingeborg seier at dei frammøtte var svært positive til å ta del i gruppene, og at det var enkelt å få leiarar til dei ulike gruppene. Ho vart også møtt med velvilje frå kommunen, og fekk bruke Frivilligsentralen sine lokale til møta.

For å få hjelp i starten, kontakta Ingeborg nokre av dei andre senioruniversiteta i regionen. Ho tek særleg fram leiar Sjur Brande i Ålesund Pensjonistuniversitet som ei god støtte den første tida.  Han møtte på møte i Ulsteinvik og orienterte om korleis Ålesund dreiv, og gav tips og råd om kvar dei kunne søke tilskot til kurs.

Temamøte

På nokre temamøte fekk dei tak i kjende personar som drog mykje publikum. Dei nytta då mellom anna lokala på SUFH og kinoen på Sjøborg for å få plass til publikum. Kjende foredragshaldarar, ofte med lange reiser, gjorde at det som regel vart teke inngangspengar på desse møta. På det aller første møtet hugsar Ingeborg at Åshild UIstrup heldt eit interessant foredrag. Ho er kjend for sine personlege intervju og sosialreportasjar i NRK. Av andre som samla mykje folk  nemner ho:

Bjørn Hansen – amerikansk politikk

Jan Otto Johansen – korrespondent i Moskva, Washington og Berlin

Gunnar Stålsett ­-  biskop i Oslo

Gunnar Myklebust – USA-korrespondent

Erik Tandberg – romfartsekspert

Ingeborg leia Senioruniversitetet med stor entusiasme i sju år. Etter henne har Solfrid Røyneland og seinare Inga Ishild Hareide halde fram det gode arbeidet. I 2020 tok Ivar Mork, som første mann, over leiarvervet, og organisasjonen har i 2021 endra namn til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Siste året har tre litteraturgrupper, datagruppe, spanskgruppe og filosofigruppe vore i gang, men koronafaren har redusert aktiviteten i fleire av gruppene.