Eit fyrverkeri

Dei  25 medlemane av Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid fekk vere med på ei festframsyning då Operahuset på Nordfjordeid synte operaen Jorda rundt på 80 dagar. Librettoen skulle vere kjend både frå Radioteateret i si tid – og frå filmen. No fekk vi sjå heile 30 songarar og ballettdansarar i ei ellevill framsyning, der dei òg song seg gjennom omarbeidinga av kjende ariar frå operaverda, slik som Toscas Den glade enke eller Wagners Den flygande hollendar. Kostymar og sceneskifte imponerte. Nye moment var lagt til, som då sparringspartnaren Passepartout hamna i ein kval og kom ut att dekt av plastposar. Mange i operafølgjet tok søndagsmiddagen på Jossy-buda på Kalvatn, vel verdt ei ferd i seg sjølv. Det er to år sidan førre operatur, som under normale tider er årviss. Denne vert så visst ikkje den siste!