Filosofikurset held fram

Det er endeleg tid for å take opp att filosofikurset med professor emeritus Atle Måseide, som me måtte stogge førre haust på grunn av pandemien. Fyrste kursdag vert onsdag 6. oktober kl. 11-13 i biblioteket i Ulstein Arena. Om fleire har lyst til å melde seg på, kan ein kontakte Atle Måseide, tlf. 99168966, eller e-post atlep628@gmail.com. Dei to neste kursdagane vert 13. oktober og 27. oktober. Atle Måseide skriv fylgjande om kurset vidare:

Alt underlag for framhaldet som filosofisk evangelist er klart: Først Aristoteles, deretter litt elementært om logikk og logiske slutningar, slik at ein lærer at “logisk gyldig” og “sant” ikkje er det same.

Når det er i hamn, står setningslogikk for tur. Kan ein ikkje det basale der, forstår ein heller ikkje logikken involvert i testing av hypotesar/teoriar, følgjeleg heller ikkje kvifor ein hypotese/teori ikkje kan reknast som vitskapleg utan at den er formulert slik at den direkte eller indirekte angir kva for data som vil kunne falsifisere den.

I den samanhengen kan det bli aktuelt å presentere Karl Popper sin vitskapsteori, der falsifikasjonslæra spelar ei sentral rolle – men der eit viktig poeng blir å vise at jamvel om eg er samd med Popper i at falsifikasjons-kravet angir eit nødvendig (men utilstrekkeleg) vilkår for at ein hypotese/teori skal kunne reknast som vitskapleg, er grunnlaget hans for å hevde dette slik at det sparkar beina under prosjektet hans.

Siste bidrag eg så langt har skrive ferdig, handlar om sannings-teoriar og forholdet mellom tru og kunnskap, etc.