Om mat og makt

Nærare 40 interesserte møtte fram til foredraget med agronom, forfattar og samfunnsdebattant Siri Helle, torsdag 26. august. Siri Helle snakka om mat og makt. Ho peika på korleis dei tre største daglegvarekonserna, Norgesgruppen, Coop og Rema, i omfattande grad kan diktere kva varer me finn i daglegvarebutikken – og kva varer me ikkje finn der.

Vareutvalet vert i aukande grad skuva over på dei ulike kjedene sine eigne merkevarer. Frittståande merkevareprodusentar som ikkje vil danse etter kjedene si pipe vert skuva ut, direkte eller indirekte. I somme høve vert også frittståande merkevarer kunstig prisa opp til fordel for kjedevarer med nøyaktig same innhaldet, men med lågare pris. Såleis vert dei fyrstnemnde valde bort av forbrukaren.

Siri Helle slo også eit slag for norsk kjøt- og mjølkeprodukt. Kjøt er ikkje berre kjøt. Kvaliteten på kjøtet er avhengig av god dyrevelferd og dyrehelse, og om dyra har vore ute på beite i sommarhalvåret. Norske beiteressursar i fjell og utmark skaper førsteklasses kjøt av storfe, rein, sau, geit og vilt. Dei produserer kjøt frå gras og andre vekstar som me menneske ikkje kan gjere oss nytte av.  Svinekjøt og kylling/kalkun er i hovudsak fòra opp på importert fòr som soya og mais. Desse næringsmidla er også eigna som menneskemat.

Siri Helle kom også inn på småskala matproduksjon frå eigenproduserte råvarer. Diverre er Mattilsynet sine hygienereglar, som er fornuftige for industriell drift, er altfor rigide for lokale småprodusentar. Seterdrift med sal av ost og smør har i mange tilfelle vist seg å verte blokkert av Mattilsynet sine strenge reglar.

Det var ei lydhøyr forsamling som fylgde Siri Helle sitt engasjerte og engasjerande foredrag.