I krig og fred

I samband med dei årlege forskingsdagane, og i samarbeid med Høgskulen i Volda, byd Senioruniversitetet inn til ein open kveld med professor i historie, Arnljot Løseth. Han vil halde eit fordrag med tittelen «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) – gjennom eit tiår (1940 – 1950)». Temamøtet vert halde torsdag 30. september kl. 19 på Aktivitetshuset Vikholmen.

Professor Arnljot Løseth har gjennom tiår gitt ut ei rad bøker og artiklar om kultur og næringsliv på Nordvestlandet, ikkje minst om fiskerinæringa. Han skulle halde ei foredrag i Senioruniversitetet i fjor vår om fredsvåren 45, men på grunn av pandemien måtte det diverre avlysast. Me har i år bedd han gå noko breiare til verks og ta for seg både krigsåra og dei fyrste fredsåra slik dei tedde seg på Sunnmøre – og særskilt i Ulstein.