I Krig og Fred 2

Professor Arnljot Løseth skriv fylgjande om innhaldet i foredraget sitt, «Frå krig og okkupasjon til fredsår. Sunnmøre – og ei bygd (Ulstein) – gjennom eit tiår (1940 – 1950)»:

– Vår- og sommardagane 1940.

– Englandsfarten og motstandsaktiviteten.

– Om dei få som støtta opp om okkupasjonsmakta.

– Korleis vart det nye nazi-styret organisert (nyordninga)?

– Dagleglivet og arbeidslivet for folk flest.

– Korleis var det for dei ute – sjøfolka og dei i alliert krigsteneste?

– Dei første fredsåra.

– Rettsoppgjeret.

Det ligg med andre ord til rette for ein særs spanande temakveld i Senioruniversitetet, torsdag 30. september kl. 19 i Aktivitetshuset Vikholmen. Møtet er ope for alle interesserte. Fri entré. Enkel servering. Loddsal.