Siri Helle til Senioruniversitetet

26. august vitjar Siri Helle Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid for å snakke om ernæring og kjedemakt. Forbrukarmakt, seier ein gjerne. Men kva avgjer eigentleg kva varer me tek med oss heim frå butikken? På kva måte styrer dei store kjedene og konserna kva me plukkar ned frå hyllene? Og kva slags aktørar legg premissane for den norske matpolitiske debatten?

Siri Helle er forfattar og agronom og har mellom anna skrive boka Matmakt på butikken (2018). Her ser ho nærare på kva val dei store daglegvarekjedene gjer for oss, og gjev oss gode råd på vegen mot å verte meir medvitne forbrukarar. Siri Helle er også fast skribent i Dag og Tid.