Kva vil Putin med Russland? Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid avsluttar vårsemesteret med eit ope temamøte der Russland vert sett på sakskartet. Vi har fått Erik Sølvberg, tidlegare forlagssjef, rektor i vidaregåande skule og faglitterær forfattar til å kome torsdag 20. mai for å halde føredrag for oss på Aktivitetshuset i Ulsteinvik kl. 19.
Erik Sølvberg bur no i Stryn, etter ein aktiv yrkeskarriere. Med bakgrunn som cand.polit. og cand. philol. med historisk idéhistorie som hovudfag, har han følgd Russland tett nokre år. Han spør seg kva Putin har gjort med visjonen sin frå 2000 der han ønskte eit sterkt, gjenreist Russland som ei stormakt alle må ta på alvor. Kva har han gjort for å nå målet, og har han lukkast? Representerer han brot eller kontinuitet, er han ein ny tsar eller ein frigjerar? Det er med andre ord eit interessant og aktuelt tema Senioruniversitetet set på dagsorden denne kvelden. Møtet er ope for både medlemar og interesserte – og etter gjeldande smittevernreglar.