Frelse gjennom liding

Professor emeritus og styremedlem i Senioruniversitetet, Atle Måseide, har gjort seg sine eigne refleksjonar etter Putin-møtet: Russland er på mange måtar eit mysterium. Men som dei fleste mysterie har også dette noen trådar som kan vere interessante å trekke i. Da kan mye komme fram. Noen halte Sølvberg i. Men det finst andre.

Eksempelvis er den russisk-ortodokse versjonen av gresk-ortodoks teologi ein av dechiffreringsnøklane til forståing av at landet stadig forblir ei hengemyr trass i alle ressursane dei har. Liding spelar nemleg ei avgjerande positiv rolle i russisk-ortodoks tru: Utan liding er sjansen for å sleppe gjennom perleporten særs liten. Difor er det, blant folk flest (men ikkje på tilsvarande vis i den vest-europeisk orienterte intelligentsiaen), lite interesse for å få det betre. Materiell betring er uforeinleg med håpet om evig liv i himmelen. I det heile, intensiteten i russisk religiøsitet er nærast patologisk.

For knappe 200 år sidan gjekk det ein religiøs farang gjennom Russland, trua (for ikkje å seie vissa) på at einaste måten for menn å komme til himmelen på, var at ein kastrerte seg sjølv. Tusenar av russiske menn kvesste kniven og sette i gang! Utan liding, inga frelse! – Ein annan tråd å trekke i er Gogols bok Døde sjeler. Frå den og til russisk rettsapparat og -tradisjon er steget kort.

Det er t.d. ikkje tilfeldig at omtrent alle norske investeringar i Russland etter samanbrotet av Sovjet nå høyrer historia til. Far til ein kamerat av meg frå Vadsø investerte i kvitevareforretning i Murmansk. Dei to første åra gjekk ting tilsynelatande greitt føre seg. Men så var det slutt. Kameraten min reiste over for å finne ut korleis stoda var. Han fann eit tomt butikklokale med ein einsleg vaskemaskin. Ingen visste noe som helst om kven som åtte eller leigde lokalet. Alt av pengar var forsvunne.

Den likaste soga i “små-format” er denne: Byggefirmaet Bjørn i Tromsø (ein familiebedrift) bygde opp ein vindaugs- og dør-fabrikk i Arkhangelsk. Fabrikken gjekk fint i fire-fem år. Dagleg leiar var norsk og medlem av familien Bjørn. Ein dag han kom på arbeid, var døra til kontoret hans låst. Nøkkelen hans passa ikkje. Han var låst ute. Det kom ganske snøgt for dagen at dei tilsette hadde overtatt bruket. Å gå til politiet hjelpte ikkje. Men saka vart likevel meld som tjuveri.

Etter fleire år kom saka endeleg for retten, der dei som hadde stole fabrikken vart tilkjende eigedomsretten. Familien Bjørn tapte på alle punkt og vart dømd for ei rekke ubegripelege brotsverk. Det synte seg i ettertid at frå saka vart meld og til rettssaka kom i gang, vart det laga ei rekke lover som skulle sikre russiske interesser i saka – og tidlegare lover vart borte!

Det er ikkje tilfeldig at det kom ei svært interessant bok for fem-seks år sidan, Putin’s Kleptocracy. Den fekk med seg det meste. Effektiv kapitalisme sin nødvendige føresetnad er rettsstaten – eit ukorrupt og føreseieleg rettsapparat. Det finst ikkje. Dermed blir alt ståande i stampe. Hengemyra sit fast i hengemyra si.

Og så har du det merkelege forholdet mellom på den eine sida sansen for venleik – ta t.d. rolla ballett spelar, metroen i Moskva, etc. – og på den andre sidan brutalitet og manglande respekt for menneskeliv. Forholdet er påfallande.

Den som er interessert i å forstå (noe av) Russland, gjer lurt i å skaffe seg Petter Normann Waage sine bøker om landet: Russland er et annet sted (1999) og Russland er sitt eget sted (2012). Halvor Tjønn har også skrive om russisk historie.

Waage sine bøker er, så vidt eg kan vurdere, svært innsiktsfulle. Han er idéhistorikar og bringar inn russisk kulturell utvikling i relieff av europeisk idéhistorie. Det er jo slik at kjenner ein ikkje historia, er ein dårleg skodd for å skjøne samtida.