Årsmøtet utsett til 22.04.

17. februar forkynte styret i Senioruniversitetet på Facebook at det utsette årsmøtet vert å halde 8. april. Det viser kor lite ein kan spå, særleg om framtida – for ikkje å snakke om no under pandemien. Like før påske kom det nye nasjonale retningsliner med ei kraftig innstramming. Fram til 12. april kan berre 20 personar møtast i forsamlingar.Styret har difor vedteke å utsetje årsmøtet nok ein gong, denne gongen til torsdag 22. april. Dette er framleis innan for fristen som er fastsett i vedtektene.Årsmøtedokumenta er ferdigstilte og vart vedtekne av styret 24. mars. Dokumenta vil verte sende ut som ei samla PDF-fil til alle medlemar med e-post no i påskeveka. Medlemar som ikkje har e-post vil få dokumenta på papir i postkassa. Styret seier seg lei for stoda, men har ikkje noko val.