Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid heldt årsmøte på Aktivitetshuset Vikholmen 22. april. Før årsmøtet fekk møtelyden eit tankevekkjande foredrag av kommunikasjonsansvarleg i SSR, Andrea Øien Sæverud.
Pedagogisk og grundig tok ho oss gjennom historia om avfallshandtering med bilvrak sendt til Hornindalsvatnet for dumping, brenning i Fløstranda og renne på Hovden i Hareid der ein kunne dumpe i fjorden. Haldninga var at ute av syne, ute av sinn, inntil Forureiningslova kom i 1983. I dag er det 33 årsverk knytt til avfallshandtering i SSR sine kommunar.
På fem tiår er avfallsmengda auka frå om lag 50 kg avfall pr. person til no omlag 500. Men det er landsgjennomsnittet, for SSR ligg det no på 421 kg. Og no vil ein snu merksemda til lågare og meir miljøvenleg forbruk og kjeldesortering, slik at ein kan ta vare på resursane som ligg i avfall.
Ein kan nemleg ikkje halde fram med å øyde jorda sine resursar, vi har berre ein klode, og det har, om ikkje anna, borna vortne meir medvitne om. Ho fortel om engasjerte skuleklassar som stiller spørsmål og er med på rydding – ikkje minst i strandsonene.
Målet er å kome høgast opp i avfallshierarkiet, der deponering/fylling er på nedste nivå, energiutnytting der brent avfall kan gi ein «ombruk» i oppvarming, til materialattvinning av plast, papir og metall som gir nye bruksområde. Òg til ombruk av varer som til dømes Gjenbruksbutikkane våre representerer. Og så øvst i hierarkiet: at vi rett og slett brukar og sløsar mindre!
Med moderne miljøstasjonar, informasjonsarbeid og økonomisk vinning med til dømes redusert avfallsavgift til dei som driv kompostering, har ein etablert verkemiddel. Ein kan likevel ikkje kjeldesortere seg til godt samvit, ein treng òg andre verkemiddel. Det er ikkje berre hushalda som må vere med på dette. Industrien kan tenkje grønt både når det gjeld produkt, innpakking og transport.
Reint politisk kan ein til dømes tenkje seg digitale miljøkort der det vert gitt eigne avfallskvoter. Og ein kan tenkje låneringar av til dømes høgtrykkspylarar og anna som ikkje treng vere i kvart hushald. Vi må ikkje stelle oss slik at barneborna spør oss om kvifor vi brukte opp jordkloden, visste de ikkje at vi har berre ein? avslutta Andrea Øien Sæverud, og opna for spørsmål og kommentarar som kom frå ein engasjert årsmøtelyd.
På sjølve årsmøtet som vart avvikla i etterkant, las leiaren Ivar Mork frå årsmeldinga: Trass koronasituasjonen har det vore halde to temamøte med godt frammøte, 6 studiegrupper har vore i jamn aktivitet, sett bort frå periodane med nedstenging, og styret har mellom anna fått på plass nye heimesider og ny facebookside med nærare 200 følgjarar. Laget har jamn økonomi og kunne melom anna gi ei gåve til Aktivitetshuset til innkjøp av blendingsgardinar, og ei trilletavle som kan nyttast på biblioteket.
Styret har for 2021 følgjande samansetnad: Ivar Mork(leiar), Hallgerd Conradi (skrivar), Andreas Ringstad (ny, kasserar), Voitto Jokinen (dataansvarleg), Atle Måseide (styremedlem). Varamedlemar er Marit Aarsheim Steinnes, Ragnhild Kriken Garnes og Ruth Bjørndal Nytun. Per Øvrelid erstattar Gjermund Solbakken som har vore revisor i ei årrekkje. Anne Kleppe Botnen vart takka av med blomar for kasserarvervet.
Nytt ope temamøte vert torsdag 22. mai med tema Russland under Putin ved Erik Sølvberg.