Grip til pennen eller tastaturet

Senioruniversitetet si Facebook-side kan nyttast til meir enn ein informasjonskanal for styret. Sit du med noko du gjerne vil at fleire av oss burde kjenne til, så send eit tips til ivar.mork@outlook.com. Du kan også nytte Messenger eller SMS til 90 97 60 81.

Det kan til dømes vere ein link til artiklar du har lese i nett- eller papirmedia, som kan vere relevante for oss seniorar, slik som om helse, reise, arrangement, kurs, jus, hobbyar, ernæring, miljø, hjelpemiddel osv. osv.

Du kan også sende oss framlegg til saker som Senioruniversitetet bør take opp, meiningar, personlege refleksjonar og hjartesukk så vel som ord om livsglede. Det er fint om me kan setje namnet ditt under innlegget, men du kan vere anonym på sida, berre me i styret veit kven du er.

Så grip til pennen eller tastaturet!