Godt nytt år frå Senioruniversitetet

Gode medlemar av Senioruniversitetet. Som både kongen og statsministeren har slege fast, har me som folk og land lagt eit vanskeleg år attom oss. Slik har det også vore for Senioruniversitetet. Me har hatt avlysingar og utsettingar av både kursverksemd og opne møte gjennom året. Men ved å strengt fylgje lokale smittevernreglar, har me også fått ymse av programmet vårt gjennomført.

Eit godt døme er det opne møtet på Aktivitetshuset der Per Egil Hegge auste av kunnskapane og røynslene sine i eit foredrag med tittelen «Valet i USA». Det sanka fullt hus. No står me på dørstokken til eit nytt år. Vaksinen er like om hjørnet for oss som har ein underliggjande liding, som er over 65 år eller begge deler. Heldigvis treng me ikkje gjere noko som helst. Når vår time kjem, får me innkalling frå helseetaten.

Lat oss vone at 2021 snøgt vert tryggare for oss alle, og at me kan byrje å take opp att den vanlege kvardagen – og møtast i dei ymse tilskipingane i Senioruniversitetet.

Eg ynskjer dykk alle eit signa nytt år med god helse og framgang i alt som ein kvar av oss steller med og interesserer oss for!

Ivar Mork, styreleiar