Betre høyrsel enn før

Godt nytt i denne saka publisert på VG.no! Men vi vil sterkt rå til høyreapparat. Slike apparat er svært avanserte i dag. Ein kan styre ulike innstillingar med ein app på telefonen.

Det aller kjekkaste er at ein får alle telefonoppringingar direkte på øyret, og kan ha hendene frie medan ein snakkar. Ikkje minst gjeld dette i bil. Og ein kan høyre musikk og radio direkte på øyret frå telefonen. Det ringaste med svekka høyrsel, er at også hjernen over tid vert svekka, ja, permanent svekka. Etter kvart får ein dårleg språkforståing av å ha ring høyrsel, og då er det for seint med høyreapprat. Straks du merkar at høyrselen ikkje er som før, skaff deg høyreapparat ved å få tilvising til Høyrselssentralen på Åse gjennom fastlækjaren din. Sjølv om eit moderne høyreapparat kostar omlag 10.000 kr, så får du det for nokre 100-lappar gjennom trygdesystemet. Og all service er gratis.