«Ulstein veks fram» vert lansert i 2021. Prosjektet skal først og fremst handle om framveksten av det moderne Ulstein; frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Men prosjektet vil også ha nokre grundige historiske riss bakover i tid. I løpet av 2021 vil både bok og nettside bli lansert.
Trua på framsteget stod sterkt i Europa ved hundreårsskiftet. Naturvitskapen innkasserte den eine sigeren etter den andre og danna mønster for anna vitskapleg arbeid. Tekniske nyvinningar høyrde nesten til dagens orden, og folka levde i fred med kvarandre. Denne framtidsoptimismen smitta over på den unge, norske nasjonen. Fossane vart til eventyrlege energikjelder og nytta til industri og lys – inne og ute, særleg i byane. Anleggsarbeidarar sprengde veg for jernbane mot vest og nord. Slåmaskiner song over bøane i Europas mest mekaniserte jordbruk. Fiskebåtar søkte lenger til havs med nye motorar. Spranget frå segl til damp var fullført i ein handelsflåte på 2,5 millionar bruttotonn.
Stor auke i industriproduksjon tidleg på 1900-talet
Industriproduksjonen på næraste dobla seg dei første 14–15 åra av 1900-talet; bruttonasjonalproduktet auka med 55 prosent frå 1905 til 1914. Talet på industriarbeidsplassar hadde passert 100.000 i 1910.
Den nye optimismen fekk fotfeste her i dei ytre kystdistrikta òg. Dekka båtar og skøyter med motordrift, og i tillegg havgåande fartøy med stålskrog og dampmaskineri, hadde gjort drifta mindre avhengig av det avgrensa og meir lokale sesongfisket. På eitt eller anna fiskefelt, ein eller annan stad, nord eller sør på kysten eller ute i havet, var det alltid fangst å få. Det gjaldt berre å kome seg dit med rett reiskap og til rett tid.
I Ulstein ser vi at det i dei første tiåra av hundreåret veks fram verkstader, fabrikkar – og ikkje minst elektrisitetsverk i Ulsteindalen. Alt dette la grunnlaget for det Ulstein vi kjenner i dag. Det same var kulturen, ikkje minst fotballen som fekk sitt flaggskip i Hødd.Så fekk vi den økonomiske krisa i mellom krigstida, med konkursar, tvangsauksjonar og naudsarbeid. Deretter kom krigen og så oppattbygginga etterpå.
Ein enorm vekst i Ulstein frå 1960 og utover
Men det var i perioden frå kring 1960 og utover at Ulstein kommune gjekk gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Ulstein skilde seg også ut på andre felt. I heile landet var det i slutten av 1972 berre fem kommunar som hadde arbeidd ut og godkjent generalplanar. På dette tidspunktet var generalplanen for Ulstein for lengst utarbeidd. Men utviklinga i kommunen hadde alt på fleire område passert prognosane som var rekna ut fram til 1972. Generalplanen måtte derfor revurderast. Veksten var spesielt overveldande på bustadsektoren. På dette området hadde kommunen passert prognosane for 1990!
Det som først og fremst gir Ulstein slik vekstkraft, er utviklinga ved dei tre store verfta i kommunen, Ulstein, Hatlø og Kleven. Desse bedriftene gir arbeid til mange i nabokommunane, ikkje minst Hareid. Vi ser no at det utviklarseg eit samarbeid mellom industri, bankar – ikkje minst det som skulle bli Sparebanken Møre – og det offentlege som skulle blir særs produktivt. Framsynte kommunetilsette, politikarar, bankfolk med innsikt i svingingane i den lokale industrien – og framsynte industrileiarar som satsa internasjonalt, er noko av nøkkelen til å forstå den eventyrlege utviklinga i Ulstein fram mot vår tid.
Sparebanken Møre, Ulstein kommune og Ulstein Historielag er med på å støtte prosjektet. Komitéen vil arbeide for å få plass fleire bidragsytarar. Med i redaksjonskomiteen er Guri Alme, Hallgerd Conradi, Ottar Kaldhol, Leif Ringstad, Asbjørg Garshol, Lars Inge Breivik, Magne Grimstad jr., Asle Geir Widnes Johansen (forfattar). Per Eide er fotograf for prosjektet.
På biletet: Redaksjonskomitéen for prosjektet «Ulstein veks fram». Bak frå venstre: Lars Inge Breivik, Magne Grimstad jr. (redaktør), Ottar Kaldhol, Leif Ringstad. Framme frå venstre: Asle Geir Widnes Johansen (forfattar), Asbjørg Garshol, Guri Alme, Hallgerd Conradi og Per Eide (fotograf).