Jørgen Amdam

Berekraftig turisme på dagsorden

Under dette temaet møttest Jørgen Amdam, professor emeritus ved Høgskulen i Volda og Berit Roppen, som er leiar for aksjonsgruppa på Flø, på Senioruniversitetet sitt temamøte 26. september.

Det var eit samarbeid med Høgskulen i Volda i samband med Forskingsdagane 2019 der temaet i år var miljø. Jørgen Amdam kalla foredraget sitt «Berekraftig turisme i eit lokalt og regionalt perspektiv».

Han viste til at det i aukande grad blir sett fokus på negative konsekvensar av masseturisme lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Skade på natur, forureining, små økonomiske ringverknader er typiske argument.

– Det er usedvanleg lett å øydelegge, men det tek lang tid å byggje opp att, sa han og råda Ulstein kommune til å vite kva dei gjer før dei legg til rette for meir turisme på Flø.

Skepsis til auka turisme

Berit Roppen, leiar for aksjonsgruppa “Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen”, var skeptisk til auka turisme, og heldt eit kort innlegg under tittelen “Flø; turistfyrtårn utan fyrvaktar”.

Ho fann det underleg at Ulstein kommune vil satse på Flø som eit av turistfyrtårn i kommunen utan at eksisterande næringar og lokalbefolkninga hadde blitt involvert.

– Kva skjer når nye reisemål blir marknadsført utan analyser av kor mange turistar reisemålet kan ta i mot. Viss det er mogleg å regulere talet på besøkande, vil der då vere vilje til å ta i bruk slike verkemiddel, spurde ho.

Ordførar Knut Erik Engh var ein av tilhøyrarane. Han tok ordet og meinte at kommunen og bygdefolket måtte finne i lag for å finne lei måte å løyse det på

Amdam meinte ein burde leggje opp ein strategi for turisme på Flø.a. Korleis kan ein leggje til rette for ønskt bruk, og korleis hindre uønska brurk. Kva toler Flø av bruk. Kva tilstand bør Flø ha i framtid

Foto: Ingvild Aursøy Måseide.