Ivar Mork ny leiar i Senioruniversitetet

På årsmøtet i Senioruniversitetet nyleg vart Ivar Mork valt som ny leiar for neste periode etter Inga Ishild Hareide. Han får Anne Kleppe Botnen, Voitto Jokinen, Atle Måseide og Hallgerd Conradi med seg i styret. Marit Aarsheim Steinnes, Ragnhild Kriken Garnes og Ruth Bjørndal Nytun er varamedlemar.

Inga Ishild Hareide vart takka av etter sju år i styret, og hausta godord for å ha vore ein tydeleg og framoverbøygd leiar. Ho har vore flink til å koordinere styrearbeidet og m.a. få inn gode framlegg til innleiarar til temamøta og til å stå i kontakt med dei. Det er i år 15 år sida Ingeborg Hofset tok initiativ til å få oppretta Senioruniversitetet, og hausta applaus for dette. Ho sat som leiar i fleire år og la grunnen for studiegrupper, operaturar og julemøte. Seinare leiarar har følgd opp god tradisjon, noko som godkjent årsmelding for 2019 elles kunne stadfeste. Det er no tre litteraturgrupper, datagruppe og spanskgruppe. Kontigenten på kr.200,- pr. år vart vedteke uendra. Senioruniversitetet har i dag 138 medlem, og rekrutterer frå aldersgruppa 55+.

Bilde av glade seniorar

Utvikling i Ulstein gjennom eit par hundre år

Men før årsmøtet fekk fullsett Aktivitetshus høyre Guri Alme sitt innlegg. Ho tok med utgangspunkt i lysbilete føre seg utvikling i Ulsteinvik gjennom eit par hundre år. Ho tok føre seg ulike område, så som helsestell, skole, industri, etc. Bileta hennar spente over eit stort tidsrom, om lag 150 år, og var gode døme, for ikkje å seie prov, på at utviklinga i Ulsteinvik har vore formidabel, ikkje minst etter 1900. Det vart servert kaffi og bløtkaker, og som takk til frammøtte medlemar, var det gratislotteri og fine blomar som vinstar.

Neste temamøte i Senioruniversitetet vert onsdag 18.mars på Aktivitetshuset. Då kjem Hilde Marte Garnes og Akshat Gaupa held føredrag over temaet India i dag.

Ref

Last ned referatet frå årsmøtet her.