Referat fra Årsmøtet 2019

Årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein vart gjennomført torsdag 14.02.2019, i Aktivitetshuset Vikholmen. Før det ordinære årsmøtet tok til, kåserte Odd Goksøyr og synte lysbilete frå Shetland. Bakgrunn for kåseriet var dikt av den shetlandske diktaren Christin De Luce. Goksøyr hadde sjølv omsett fleire av desse frå lokal shetlandsk dialekt. Han framførde fleire av dikta som song, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Andre dikt las han opp. 30 medlemer møtte fram.

Så til sjølve årsmøtet:

1. Leiaren, Inga Ishild Hareide, opna møtet og gjorde framlegg om Guri Saunes som ordstyrar og Atle Måseide som referent. Båe framlegg vart vedtekne med applaus.

    1. Guri Alme og Jostein Hatløy vart valde til å underteikne protokollen.
    2. Det var ingen merknader til innkallinga, tilsvarande gjaldt sakslista.

4. Årsmeldinga vart godkjend med applaus.

5. Rekneskap vart godkjent med applaus. Det viste overskott på kr. 13.589,81 som utgjorde basis for gratis blaut- og gulrotkake i tillegg til gratis lodd,  der vinsten var blomar.

6. Det var ingen innkomne saker.

7. Valet vart leidd av Rita Lill Myklebust.

Leiar: Inga Ishild Hareide – tok attval.

Kasserar: Anne Botnen – ny.

Skrivar: Hallgerd Conradi – ikkje på val

Dataansvarleg: Voitto Jokinen – tek attval under visse føresetnader

Styremedlem: Atle Måseide – tek attval

Varamedlemmer: Marit Aarsheim Steinnes -tek attval

Ragnhild Kriken Garnes : Tek attval

Ruth Bjørndal Nytun: Ny

Revisor: Gjermund Solbakken.

Valnemnd: Borgny Solbakken – ikkje på val, Ingrid Pedersen – ikkje på val.

Ny: Oddny Ekroll.

Alle val gjeld for to år med unntak av leiar og revisor som er valde for eitt år.

Atle Måseide

referent