Torsdag 14. februar er det årsmøte i Senioruniversitetet i Ulstein på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Men i tillegg til årsmøtesakene vil Odd Goksøyr ta oss med på ei reise til Shetland gjennom landskap, historie, språk og banda mellom Shetland og Norge i ord, bilete og tonar.
Han har kalla lysbiletekåseriet sitt for Glimt av opphav, eller Glims o origin som dei ville seie. I arbeidet med å omsetje 40 dikt av den shetlandske lyrikaren Christine De Luca vart han nyfiken både på øya og De Luca, og reiste over med fotoapparatet og Øystein Orten som følgjesvener.
Alt skulle såleis liggje tilrette for ein triveleg kveld, og viktig med omsyn til årsmøtet. Senioruniversitetet inviterer til kaffi og kaker, og vonar på godt frammøte.
Bilete: Christine De Luca, Øystein Orten og Odd Goksøyr i Lerwick. (foto Greta S. Goksøyr)