Ulstein og Hareid – likskap og ulikskap

Senioruniversitetet arrangerte møte 25. oktober, der Marit Kvammen kåserte om likskap og skilnad mellom Ulstein og Hareid. Kåsøren peika innleiingsvis på det naturlege hopehavet mellom dei to bygdene.

Fråstanden over Eidet er ikkje stor. Jamvel om kommunikasjonsvilkåra har vore meir tungvinte enn dei er i dag, har det ikkje vore uvanleg å finne ektemaken sin på hi sida av Eidet. Slik sett er slektsbanda mellom dei to kommunane så markerte at dét aleine burde gje tilstrekkeleg grunn til å påstå at det ikkje er store skilnader mellom dei. At dialekten stort sett er felles, bidrar også.

Likevel er der klare og temmeleg djupe skilnader, noe som er påfallande når ein tenker på kor kort fråstanden er mellom kommunane, kor tette familieband som rår, osv.

Effekt på fotballbanen

Medan Hareid tradisjonelt har vore ein fiske- og fangstkultur og stadig ber preg av dette, har ikkje tilsvarande vore tilfelle for Ulstein sitt vedkommande. Ulstein har ikkje hatt ein havgåande fiskeflåte, slik Hareid hadde, med det som i si tid var største havgåande fiskeflåten i landet. Ein stad der effekten av dette kjem tydeleg til uttrykk, er på fotballbanen. Hødd vart skipa i 1919 og bygde straks opp ein organisasjon rundt laget. Spelarane budde i bygda, der det var arbeidsplassar for dei m.a. i ulike former for industriføretak. Dermed var eit nødvendig vilkår på plass for kontinuitet. På Hareid, derimot, var eit stadig tilbakevendande problem å sanke inn spelarar frå kamp til kamp – for ikkje å snakke om til trening. Etterlyste ein spelarar på trening, var svaret som regel at vedkommande er på fiske. Bar det slik til at ein som såg på treninga, sparka til ballen så pass at den fauk i mål, var responsen ofte: «He’ du legekort?».

Dette innebar at det i Hareid i liten grad har vore kultur for langsiktige planar og investeringar, noe ein ser att i fråveret av eit samanhengande sentrum i Hareid. I ein fiske- og fangstkultur lærer ein ikkje langsiktig planlegging. Der er alltid eit avgjerande moment av det tilfeldige som gjer at langsiktige investeringar vil kunne te seg som umoglege. I eit industrisamfunn vil ein ikkje møte slike hinder. Der har ein lært å investere på lang sikt, rett og slett av di dette er nødvendig. Å handle basert på vona om «det store varpet», er kontraproduktivt.

Etter kåseriet var det høve til kommentarar. Mellom det som kom fram, vart det peika på at utviklinga ein har sett i dei to kommunane etter seksti-åra, er interessant. Hareid hadde større finansielle musklar enn Ulstein for seksti år sidan. I dag er det omvendt. Grunnlaget for denne skilnaden er nettopp dei industriverksemdene, følgjeleg òg kulturen, som eksisterte i Ulstein, og som fekk ein oppsving gjennom maritim industri frå seksti-talet og utetter. I sin tur skapte dette grobotn for tilflytting frå andre stader. Dette har gjort sitt til å endre Ulstein på ein måte ein ikkje finn tilsvarande på Hareid. Hareid er blitt hangande etter.