27.09: Tor-Johan Ekeland om oppvekst

Forskingsdagane i Volda i samarbeid med Senioruniversitetet har fått professor dr. philos Tor-Johan Ekeland til å halde foredrag om oppvekst på temamøtet i Aktivitetshuset torsdag 27. september.


Foredraget «Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst» skulle treffe fleire, også ut over Senioruniversitetet sine medlemer, og det er ope for alle. Fri adgong.

I alle kulturar har fellesskapen og vaksenverda hatt ei sams oppgåve overfor barnet: å hjelpe det til å vekse inn i kulturen og «bli som oss». I samsvar med framveksten av moderne vestleg individualisme og verdien av sjølvrealisering, har dette endra seg. Målet er no at barnet skal «bli seg sjølv». Men ingen kan «bli seg sjølv», eller skape ein identitet utan i forhold til ein fellesskap. I moderne oppvekst har misforholdet mellom fellesskap og individ blitt eit kulturelt problem.

Med oppvekst som presteson på Sæbø fekk Ekeland tidleg erfare korleis eit lite lokalsamfunn vert eit opplevingsrikt univers for barn i oppvekståra; folket, naturen, fellesskapen, tema som vert i ein når kunnskapshorisonten utvidar seg. Tor-Johan Ekeland har bakgrunn som sosialpsykolog og har vore knytt til Høgskulen I Volda i ei årrekkje, er professor II ved Høgskulen i Molde og har elles vore knytt til Universitetet i Bergen. Han har hatt plass i nasjonale råd og utval, og er med si engasjerande formidlingsevne mykje nytta som foredragshaldar landet over. Sjå annonse seinare.

Styret SIU