Torsdag 26. oktober kjem utanrikskommentator i VG, Per Olav Ødegård, til Senioruniversitetet i Ulstein med eit svært aktuelt tema. Møtet vert halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleite.
Journalist Ødegård vil ta føre seg korleis samanbrotet i Syria og Irak involverer heile regionen, og at den også i høg grad påverkar oss. Han vil også snakke om korleis krigar og konfliktar rammar minoritetane i Midtausten, ikkje minst dei kristne. Det er 100 år siden sigerherrene i første verdskrig, Frankrike og Storbritannia, delte Midtausten mellom seg og teikna grensene som no kan stå for fall.
Ødegård har sidan slutten av 1980-åra reist til Midtausten som journalist. Han har mellom anna dekka konflikten mellom israelarane og palestinarane. Han har vore tilstades i Irak før og etter den amerikansk-leia invasjonen i 2003, i Syria under Bashar al.Assad og den arabiske våren. I tillegg har han laga reportasjar frå Iran og gulf-landa. Med andre ord; eit svært så dagsaktuelt tema frå eit område som har prega nyheitene i fleire år. Ødegård har også vore VG sin korrespondent i USA frå 1999-2002. I dag arbeider han ved leiar- og kommentaravdelinga i avisa.