Temamøte: Den nye nabokjerringa

Senioruniversitetet opnar hausten med temamøte på dagtid torsdag 28. september kl. 13.00 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik. Tidlegare journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, no dekan ved Høgskulen i Volda, tek føre seg sosiale medier.

Ho meiner praten over hagegjerdet er flytta til Facebook.

– Aldri før har nordmenn brukt meir tid på Internett og sosiale media – og Facebook er større enn Dagsrevyen. 3, 3 millionar nordmenn har Facebook-profil. Seniorane har omfamna dei nye, digitale møteplassane og er ei sterkt veksande gruppe på sosiale medier. Enkelte hevdar at Facebook er det nye «vi over 60», meiner dekan ved avdeling for mediefag.

Ho reiser mange spørsmål. Kva er eigentleg sosiale medier og kva skal vi med det? Kva er skilnaden på sosiale og tradisjonelle medier? Kva slags ansvar har du når du publiserer på Facebook? Korleis bør ein bruke dette verktøyet til meir enn tanketomt tidsfordriv?

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har forska på Facebook, og vil gje eit matnyttig foredrag særleg retta mot dei som ønskjer å lære meir om sosiale medier.

Ho har ein allsidig bakgrunn innan media frå ho utdanna seg ved Høgskulen i Volda via NRK som programleiar, til ho i 2016 vart dekan. Rotevatn har fått fleire prisar og utmerkingar for sitt journalistiske arbeid, samt for sin konsekvente bruk av nynorsk, noko som ho i 2004 fekk Kringkastingsprisen for.

Senioruniversitetet prøver seg denne gong på noko nytt – eit møte på dagtid der ein etter foredraget kan sette seg til rette i kafeen på Den Gamle Nabo på Geileneset i Ulsteinvik og kjøpe seg mat og kaffi.

Vel møtt.