Senioruniversitetet i Ulstein starta 2016 med årsmøte på Reiten. Vel tjue medlemmer møtte fram. Før årsmøtesakene viste tidlegare helsesjef Torbjørn Måseide ved ymse øvingar korleis ein kunne halde på styrken i muskulaturen.
Det kom ikkje inn saker som skulle handsamast under årsmøtet.
Styret i 2016 har vore
Inga Ishild Hareide – leiar
Magny Krumsvik – nestleiar
Marianne Helseth – kasserar
Hannelore Måseide – sekretær
Aud Ulstein – styremedlem
Vara: Aase Ulla, Ingbjørg Eidem Ulstein.
Revisor: Borgny Solbakken
Valnemnd: Guri Alme, Rita Myklebust og Gunn Garshol Lofthus.
Styret handsama i 2016 38 saker, i hovudsak planlegging av temamøte.
Det har vore i gang seks studiegrupper:
Spansk med leiar Johs. Aklestad på Ulsteinvik barneskule tysdagskveldane. Det blir meldt om god aktivitet blant dei 9 deltakarane.
Datatreffa med leiarane Svein Bjørnerem og Sverre Sylte er framleis den mest aktive. Dei treffast på Frivilligsentralen i Ulsteinvik mandagar og onsdagar. Av dei 14 deltakarane møter 8 begge dagane.
Her er 2 litteraturgrupper. Gunder Runde er leiar for eine gruppa. Her er 8 deltakarar. Frammøteprosenten er på heile 90,6. Inga Ishild Hareide er leiar for andre gruppa med 7 deltakarar. Også her er det godt frammøte. Litteraturgruppene held til på Ulstein bibliotek. Runde si gruppe annakvar tysdag 11.00-13.00. Hareide si gruppe annakvar mandag 19.00-21.00.
Ei bibelgruppe avslutta våren 2016. Kunstgruppa har også slutta. Både innan bibel- og kunstgruppa er medlemane interesserte i å halde fram, men ein manglar leiarar.
Senioruniversitetet forsøkte å starte nye studiegrupper innan filosofi, russisk og slektsgransking. Det var lita interesse for dette, berre slektsgransking kom i gang.
Temamøte
Det har vore arrangert fire temamøte:
3. mars «Sammenbrot i media» – ved høgskulerektor Johann Roppen
- april «Bunadene på søre Sunnmøre» – ved konservator Anne Kristin Moe. Medlemane i Hareid og Ulstein Husflidlag var invitert til dette møte.
- september «Grenseoverskriding eller grensesetting – Den Lutherske reformasjonen i Norge.» ved professor Anders Aschim. Møtet var inn under forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.
- oktober «Frå statskyrkje til folkekyrkje.» -ved kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul.
Det var mellom 20 og 30 frammøtte desse kveldane som alle gjekk føre eg på Ulstein kompetansesenter. Styret såg gjerne at fleire møtte fram til temamøta
På kvart møte blir det selt lodd til dekning av utgiftene.
Styret i Senioruniversitetet tok også i år seg av organiseringa av tur til Opera Nordfjord til «Maskeradeballet» av Verdi. 22 var med på turen.
Det vart invitert til julemøte på SUF, men her var så lita interesse at ein valde å avlyse møtet.
Av andre saker kan nemnast at Senioruniversitetet gjekk til innkjøp av ny datamaskin til den dataansvarlege i styret. Det vart også kjøpt printer til datagruppa.
Interessa for Senioruniversitetet sine aktivitetar har vore dalande siste åra ved at fleire studiegrupper har slutta. I nokre tilfelle har det mangla leiarar, i andre deltakarar.
Senioruniversitetet har i dag 143 medlemmer.
Inga Ishild Hareide
leiar