Senioruniversitetet i Ulstein opnar hausten komande torsdag 23. september i kantina på Reiten kl 1900, med eit foredrag om reformasjonen ved professor Anders Aschim. Føredraget er ein del av programmet under Forskingsdagane 2016 ved Høgskulen i Volda, og er det første av 26 ulike arrangement mellom 22. og 29. september.
I 2017 blir det feira 500-årsjubileum for denne hendinga. Martin Luthers offentleggjering av dei 95 tesene mot avlaten 31. oktober 1517 blir gjerne rekna som starten på denne nye kyrkjehistoriske epoken. I Noreg tok det rett nok enda tjue år før reformasjonen blei innført, det hende først ved kongeleg dansk påbod i 1537.
Ei grenseprengjande handling
Reformasjonen blir gjerne karakterisert som ei grensesprengjande hending, eit ledd i religiøs frigjering og modernisering. Men var det òg slik at reformasjonen skapte nye grenser? I dette føredraget diskuterer Anders Aschim både religiøse, politiske, økonomiske, geografiske og kulturelle følgjer av reformasjonen. Kva for konsekvensar fekk dette for Noregs forhold til omverda? Korleis merka ein reformasjonen i norske lokalsamfunn?
Anders Aschim er professor i idé- og kristendomshistorie ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Høgskulen i Volda. Han har mellom anna publisert ein omfattande biografi om Elias Blix, og han har vore sentral i arbeidet med den nyaste bibelomsetjinga frå Bibelselskapet, Bibel 2011.
Senioruniversitetet inviterer alle interesserte til Ulstein kompetansesenter på Reiten denne kvelden for å høyre kva reformasjonen fekk å seie for oss.
Vi ønskjer vel møtt til alle, og ser gjerne at medlemmane i Senioruniversitetet sluttar opp om temakveldane våre.
Inga Ishild Hareide