Johan Roppen: Samanbrotet i norske media

Professor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda kjem til Senioruniversitetet i Ulstein for å snakke om utviklinga i media – både lokalt og globalt.

Ulstein kompetansesenter på Reiten, kantina, torsdag 25. februar kl 1900.

Mediekvardagen til folk flest vert i stadig større grad prega av innhald som er kontrollert av globale selskap som Facebook, Google og Twitter. Dette har vidtrekkjande følgjer for norske media. På den eine sida har vi aldri hatt så mange papiraviser i Noreg som i dag, og dei fleste norske aviser er lokalaviser. Men på den andre sida ser vi at dei globale mediekonserna har kome for fullt inn i norsk mediekvardag.

Konsevensar

Vil dei utanlandske selskapa ta over alt? Er dette ei utvikling som kan styrast gjennom mediepolitikk? Og kva konsekvensar får dette for journalistikken? Vil lokalavisa klare seg – også det neste tiåret? Eller går norske media mot eit samanbrot?

Johann Roppen bur i Volda, men kjem frå Flø. Han fekk sin første smak på livet som mediearbeidar som journalist i Vikebladet i Ulsteinvik i 1985. Han tok seinare medieutdanning ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen. Som forskar ved Høgskulen i Volda har han studert forholdet mellom journalistikk og medieøkonomi, blant anna i si doktoravhandling om Orkla media. Men han har også studert lokalaviser og kringkasting og vore medlem av statlege utval på pressestøtte i Noreg og Danmark. Han sit no i eit statleg utval som skal kome med framlegg til endringar av NRK lisensen. Sidan 2015 har Johann Roppen vore rektor ved Høgskulen i Volda.

Det blir som vanleg på Senioruniversitetet sine temakveldar, loddsalg, kaffi og kake. Vel møtt til alle.

Inga Ishild Hareide