Referat frå temamøte om medieskapt frykt

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001. Korleis påverka denne endringa samfunnet idag? Det var utgangspunktet til høgskulelektor Kristian Fuglseth under Senioruniversitetet sitt første haustmøte.

Dei 25 frammøtte fekk høyre eit interessant foredrag om medieskapt frykt. Fuglseth såg det i eit sosiologisk perspektiv, korleis vi samhandlar ut frå denne frykta. Han gjekk tilbake i historia, til den kalde krigen, og meinte at historia gradvis endra seg frå 1979. Men i 2001 vart fiendebiletet endra, frå landa bak jarnteppet til muslimske opprørarar, og media skreiv om hendingane på ein annan måte. I mange saker nytta ein politikarar i staden for fagfolk til kommentere. Fuglseth karakteriserte dagens samfunn som eit risikosamfunn. Dette grunna han med at her er ein global risiko som gjer at alle er redde for det same. Frykt i eit samfunn påverkar andre samfunn.

Han hevda mellom anna vidare at visse hendingar legitimerer ein viss politikk der terrortrussel legitimerer auka politi.

– Vi har aldri vore tryggare enn i dag, meinte han avslutningsvis.

Referat frå triveleg operatur

Det vart ei stor musikalsk oppleving for dei 22 som var med Senioruniversitetet i Ulstein til Nordfjordeid for å sjå “Maskeballet” av Guiseppe Verdi. Førestellinga var eit samarbeid mellom Opera Nordfjord og Den Norske Opera & Ballett. Teksten er ikkje så lett å få med seg i ein opera, men dei som var tilstades då Gunder Runde heldt ei innføring om handlinga og historia bak, greidde nok å følgje scenebiletet. Det vart også tid til det sosiale. Bussen gjekk frå Ulsteinvik presis. 15.30, og vi rakk ei god kaffistund på Bryggen hotel Nordfjord før bussen køyrde til kulturhuset. Så langt kan det hende det blir operatur neste år óg. Det var i alle fall ønske frå dei som var med på denne turen.

Inga Ishild Hareide