Førsteretten – om urfolk og anna folk

Det er debatten journalist i NRK, Astri Thunold (bildet), ønskjer å reise i Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag, 19. mars, på Ulstein Kompetansesenter på Reiten. I 2011 laga ho ein tv-dokumentar om saka som vart mykje diskutert innafor det samiske området.

-Det som overraska meg mest, er at det ikkje er mogleg å bli same. Du må vere fødd eller adoptert inn i ei samisktalande slekt. Om du bur og arbeider i samisk område, lærer deg samisk, gifter deg samisk og får samiske born, vil du aldri sjølv kunne få stemmerett til Sametinget, seier ho.

-Tenk om du aldri kunne få stemmerett i Noreg, uansett kor lenge du bur og arbeider her, berre fordi du ikkje har norsk avstamming. Det er jo utenkeleg, seier Thunold.

Korleis lova skil same frå ikkje-same, har betydning for fleire enn samane sjølv. Samane er nemleg anerkjent som Noregs einaste urfolk. Noreg har underteikna internasjonale konvensjonar som gir dei rett til å rå over sine tradisjonelle landområde, og rett til sjølvstyre. Samane sin status som urfolk byggjer på ideen om at dei stammer frå et opprinnelig folk. Det er dette som gir samane særrettar andre norske minoritetar ikkje har. Det har gjort historie og arkeologi til politisk brennbare forskingstema.

Kven var menneska som befolka landet vårt i førhistorisk tid?

-Kven var dei menneska som befolka landet vårt i førhistorisk tid, og er vi deira etterkommarar? No kan forskninga gje nye svar på desse spørsmåla, når DNA frå eldgamle skjelett vert samanlikna med DNA frå nolevande befolkning, seier Thunold.

Sametinget avgjer om slik forsking kan gjerast på samiske levningar. Fleire leiande samepolitikarar har til no vore negative til dette. I 2011 vedtok Sametinget å grava ned 96 namnlause gamle samiske skjelett utan kjende etterkomarar i ei storstilt gravferd. I år ventar ei ny skjelettgravferd i Finnmark.

Astri Thunold har jobba med undersøkjande dokumentarproduksjon i NRK si fjernsynsavdeling i Bergen sidan 2001. Ho vann SKUP-diplom og Sølvparaplyen i 2009, og Gullparaplyen i 2013. Ho har og vore nominert til Gullruten og Prix Europa, og fekk stipend frå Fritt Ord i 2012. Sjå annonse i tysdagsavisa.

Inga Ishild Hareide