Årsmelding 2014

Årsmøtet 2014 vart halde på Sunnmøre Folkehøgskule 12. februar med 22 frammøtte. Solfrid Røyneland leia møtet. ”Fryd og Glede” underheldt med musikk, og det vart servert kaffi og litt å bite i. Møteinnkalling, årsmelding og rekneskap vart godkjende.

Solfrid Røyneland som hadde sete som leiar siste to åra, takka for seg. Det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne nye leiar, og det vart vedteke at det nyvalde styret måtte konstituere seg, deretter vil det bli kalla inn til ekstraordinært årsmøte der ein valde leiar. Ingen i styret ville ta på seg leiarvervet, men Inga Ishild Hareide som var skrivar, tok på seg oppgåva å kalle inn til møta. Såleis vart det heller ikkje kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret har fungert kollektivt godt der kvar einskild har teke på seg oppgåver, og etter styret si meining har Senioruniversitetet fungert .

Styret

Inga Ishild Hareide, fungerande leiar og skrivar
Magny Krumsvik, nestleiar
Marianne Helseth, kasserar
Aud Ulstein, styremedlem
Hannelore Måseide, styremedlem

Vara til styret har vore Anne Marie Hopland
Ingebjørg Eidheim Ulstein

Revisor: Gunder Runde

Valnemnd: Liv Grete Haddal
Bergny Hatlø
Ruth S. Torgersen

Under årsmøtet fekk Andreas Ringstad og Ingeborg Hofseth blomster som takk for innsatsen gjennom mange år.

Aktivitetar i 2014

I driftsåret 2014 har aktivitetane gått vidare med stort sett dei same gruppene. Styret er glad for at nokon tek på seg oppgåva med å leie desse gruppene. Aktiviteten viser at her er behov for eit tilbod som det Senioruniversitetet gir.

Desse gruppene har vore aktive gjennom året:

  • 1 engelskgruppe
  • 1 spanskgruppe
  • 1 tyskgruppe
  • 2 datagrupper
  • 2 litteraturgrupper
  • 1 kunstgruppe
  • 1 bibelgruppe

Som ein ser er det god aktivitet i studiegruppene. Styret tek gjerne imot forslag om nye grupper, og vil forsøke å få dei i gang om ein finn ein leiar.
Dei gruppeleiarane som vi alt har, gjer ein flott jobb for Senioruniversitetet. Styret vil takke kvar og ein for innsatsen i studiegruppene.

Møter vi har halde

Det har vore halde fem styremøte der hovudtemaet har vore å finne foredragshaldarar til temamøta. Styremøta har gått føre seg på Ulstein bibliotek.

Senioruniversitetet har invitert til tre temamøte.

Det første var 3. april på Fredheim. Pål Espolin Johnsen haldt eit interessant foredrag som han kalla ”Levd liv”. Foredraget bygde på siste boka hans ”Olsen og tolv til”. Mellom anna fortalde han om Sverre og Marie Støen frå Gurskøy som han hadde segla i lag med på Hurtigruten. Om lag 40 møtte fram, og fleire av dei kjende til familien Støen. Den avtroppande leiar Solfrid Røyneland fekk overrekt blomster som takk for innsatsen i Senioruniversitetet. Det vart servert kaffi og kaker, og det var loddsal.

Neste temamøte var 18. september, og for første gang vart det arrangert på Ulstein kompetansesenter på Reiten. Gunnar Myklebust snakka rundt sjølvvald tema ”Mellomvalget i USA”. Myklebust fortalde om sentrale trekk i den amerikanske historia, og elles lite om mellomvalet som skulle gå føre seg i november, og kva det ville ha å seie for Barach Obama sine to siste år som president. Magny Krumsvik og Anne Marie Hopland stilte med kvar si heimebakte, gode kake.

Det tredje temamøtet vart halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule 30. oktober. Direktør for R&T Propulsion hos Rolls Royce Marine AS, Rune Garen, snakk rundt temaet innovasjon i den maritime industrien. Han heldt eit svært interessant foredrag til ein lydhør og engasjert forsamling på rundt 50. Her hadde ein bestilt kaffi og skuffekake, og hadde kr. 50,- i inngangspengar. Ingen klaga på det.

50 medlemmer møtte fram til Senioruniversitetet sitt julemøte på SUF 26. november. Her blei det servert god julemat og eit svært interessant foredrag der veterinær John Osnes intervjua tidlegare veterinær i Ulstein Gunnar W. Eide. Ein fekk innblikk i eit svært innhaldsrikt og langt liv. Eide tok til som veterinær i Ulstein Veterinærdistrikt i 1967. Som ekspert i reproduksjonspatologi var han i Egypt i 1962-64. Han var pioner innan området fiskehelse og konstruerte ein praksiskuffert og plasthanske til hjelp mellom anna ved inseminering. Begge fekk ein blomsterbukett som takk.

Annfrid Vorren var velvillig til å spele piano til songane som Magny hadde ordna med. Leiarane av studiegruppene fekk kvar sin boksjekk på kr. 300,-. Leiv Havåg fekk tilsendt ein blomsterbukett til same verdi.

Heimeside

Senioruniversitetet har ei heimeside, senioruni-ulstein.no, som kan nyttast til å kome med innspel til styret når det gjeld tema og ønske om foredragshaldarar. Senioruniversitetet har per i dag 155 medlemar.

Inga Ishild Hareide
Skrivar/fungerande leiar