Nytenking i maritim industri

Kva stimulerer og kva hemmar innovasjon? Kva er eigentleg innovasjon? Det vil direktør for R&T Propulsion hos Rolls- Royce Marine AS, Rune Garen, mellom anna snakke om på Senioruniversitetet i Ulstein sitt temamøte komande torsdag 30. oktober.

I pressa kan vi lese om nye kontraktar i verkstadsindustrien, om skipsdåp og tildeling av priser for produktutvikling, men kva som ligg bak veit vi lite om. Rune Garen er ein av dei som har fått mange priser. Teamet hans har mellom anna fått “Sir Henry Royce Award for Technical Innovation 2008” for utviklinga av ny framdriftsteknologi basert på permanent magnetiske system, og same utmerkinga i 2004 for utviklinga av Azipull og nytt kontrollsystem. I 2013 fekk han prisen for Rolls-Royce Marine Excellence. Med andre ord; han kjennar prosessane frå idé til produkt.

Men dei fleste av oss har lite kjennskap til korleis dei arbeider innafor verksemdene. Det vonar vi denne kvelden vil endre på. Garen vil fortelje litt om Rolls-Royce og om den maritime klynga.

Den maritime klynga – berebjelken i samfunnsutviklinga?

Han reiser også problemstillinga om kor vidt innovasjon i den maritime klynga er berebjelken i samfunnsutviklinga. Like spennande kan det vere å høyre om korleis den maritime klynga ser for seg framtidas teknologi. For ein del år tilbake var den norske handelsflåten kalla Havets kvite svaner. I dag er det ikkje så mange igjen av dei under norsk flagg. I dag er Norge ei maritim stormakt på andre område. Garen vil fortelje kvifor.

Direktøren starta utdanninga si på gymnaset i Volda der han tok matematikk og fysikk. Vegen gjekk vidare til NTH der han studerte til skipsingeniør, og var ferdig i 1982. Året etter vart han forskingsassistent ved NTNU/NSFI. Han har bak seg ei solid yrkeserfaring som starta hos Ulstein Propeller innafor hydrodynamikk. Han står bak fleire patentar som flapror for vannfartøy, ein tunnelthruster og eit propelldyseoppheng.

Møtet vert halde på Sunnmøre Folkehøgskule torsdag 30. oktober kl. 19. 00. Det er ope for alle som vil vite meir om vår maritime industri og korleis dei går fram for alltid å vere i fremste rekke.