Gunnar Myklebust

Mellomvalet i USA

Kva vil mellomvalet i USA i november i år ha å seie for Barack Obama sine to siste år som president? Det er tema på haustens første møte i Senioruniversitetet i Ulstein 18. september. Kveldens foredragshaldar er tidlegare journalist og utanriksmedarbeidar i NRK, Gunnar Myklebust.

Han rettar fokuset mot mellomvalet til Kongressen. Det er eit regulert kongressval der det blir valt 435 representantar til Representantenes hus og 33 eller 34 senatorar til senatet. Mellomvalet kan føre til at Kongressen får ei endra samansetting, og såles mykje å seie for USA sitt internasjonale samarbeid. Alle avtalar må godkjennast med 2/3 fleirtal i Senatet.

Med dette som bakteppe vil han snakke om nokre hovudemne som har prega USA desse åra Barack Obama har vore i Det kvite hus. Han vil òg ta føre seg kva slags kandidatar som no prøver å posisjonere seg for å ta over stolen hans om to år.

Meir enn 30 år i NRK

Myklebust var tilsett i NRK i meir enn 30 år, det meste av tida som utanriksmedarbeidar. Han har mellom anna vore leiar for NRK si utanriksavdeling og programleiar for URIX. I åra 1993-1997 var han NRK sin korrespondent i Washington, D.C. Han skulle elles vere vel kjend på øya. Han har tidlegare vitja Senioruniversitetet der han presenterte boka si om Joachim H. Rønneberg. Førre veke presenterte han boka si Ishavet på Ishavsmuseet i Brandal. Han har også vore hovudtalar på Hareidsstemna.

Arrangementet går føre seg på Ulstein kompetansesenter på Reiten torsdag 18. september kl 19.00. Det er ikkje eit medlemsmøte i Senioruniversitetet, men ope for alle interesserte.